Vestlandsprodusentar
Katarzyna Sikorska

Stor innsats for eigendyrka grønsaker hjå Savland Hage og Helse

Rett ved dei nye boligane i Steinsviken Familietun på Søreidgrend, ligg eit stort, eldre hus med store grøne uteområder, drivhus og inngjerdingar. Her bur Torill Savland og driv si verksemd, Savland Hage og Helse. Tomta er på to mål og har både marknadshage, ein liten dam, vakre blomar og tre rundt omkring. Men slik såg det slettes ikkje ut når Savland tok over tomta i 2021. 

"Eg har jobba som gartnar i 25 år, og i 2011 starta eg mitt eige firma, som eg har gitt namnet Savland Hage og Helse. I firmaet mitt hjelp eg både privatpersonar og sameie med hagearbeid. I 2021 kom eg over denne tomta, kjøpte den, og derfrå tok ting ein valdsam fart. Tomta var gjengrodd, og eg har restaurert det heile med hjelp. Eit år etter å ha budd her byrja eg på marknadshageprosjektet og hadde testbed, og har jobba mykje med det."

Torill Savland

Savland jobbar som naturterapeut, men fortel at sidan ho byrja med marknadshageprosjektet så har ho jobba heime kvar helg og ein del kveldar. Den harde jobbinga har verkeleg løna seg, for den gjengrodde tomta ser no idyllisk ut blant dei nye moderne boligane. Det er no to drivhus på tomta, marknadshage, fleire område der det vert dyrka forskjellige spiselege vekstar, frukttre og ikkje minst vakre blomar som veks rundt omkring. I tillegg har Savland fem ender som får gå fritt ute, og som bidreg med naturleg gjødsling og et snegler.

Endene hadde samla seg til eit forfriskande bad når vi kom på besøk

Å vera sjølvstendig bonde er ingen leik

Eit slikt resultat kjem ikkje utan hardt arbeid og utfordringar. Det er mange forsøk med prøving, feiling og tilpasning, og ikkje minst tolmod som må til. Savland ramsar opp vêrforhold, sneglar, rotter, ugras, kjølmark og jordkvalitet som nokre av utfordringane ho har møtt, i tillegg til det med tidsklemma og riktig planlegging:

- Ein utfordring er å ha tid til å gjødsle nok. Ein gjødslar gjerne og ser at det byrjar vekse, men ein må også ettergjødsle. Det må også verte sådd frø igjen etter hausting av blant anna potet og kvitlauk, som har vore ein utfordring med tanke på planlegging. Jorda på tomta har også vist seg å ha litt varierande kvalitet - ikkje alt spirar like godt alle plassar, fortel Savland mens ho visar oss rundt.

Ho legg til at ein ikkje skal legge skjul på at det å vere sjølvstendig bonde er eit krevjande yrke. 

- Du skal helst kunne dyrke, produsere, hauste, marknadsføre, selje, og reparere sjølv.

Torill Savland legg mykje arbeid i marknadshagen sin, men får til gjengjeld stor meistringskjensle og god energi.

"Eg sovnar ofte med hagebok i fanget"

Torill Savland

Kortreiste grønsaker har unik eigenverdi

Torill Savland fortel at ho får seld mest av sine grønsaker og vekstar gjennom REKO-ringen, og at i 2023 har ho hatt levering til REKO-ringen i Fyllingsdalen eller Fana så og seie kvar veke i sesongen. Ho har tidlegare prøvd seg på å vera på marknadar, men det ligg ein problematikk i med hausting til marknad: 

- Det som er vanskeleg med marknad er at ein må hauste ein del, og det som ikkje vert solgt vert til overs. Grønnkål blant anna, det kan eg ikkje levere i morgon om eg hausta den i går. Den må vere fersk, fortel Savland. 

Savland fortel også at i helgene er det mogleg å stikke innom og handle hjå ho, og ringje på om det ikkje ligg noko ute til sals. Då får ein tak i dei ferskaste grønsakene, som også er svært næringsrike og smakfulle når dei er nyplukka.  

Men smaken og næringsinnhaldet er ikkje det einaste positive med kortreist lokal mat. Studier frå andre land visar at forbrukarar som kjøper grønsakene sine direkte av dei som dyrkar, et meir grønsaker. Dette vert omtald i artikkelen “Markedshager - en økende trend” på NIBIO sin nettside. Det å handle grønsakene hjå dei som dyrkar er også ein stor verdi for mange, då dei får nærleik til råvarene og kunnskap om korleis dei vert dyrka. I tillegg er marknadshagegrønsaker alltid garantert norske, i motsetnad til store delar av dei grønsakene ein finn i butikk.

Les heile artikkelen frå NIBIO her

Sukkerertene er i sesong i månadane juli, august og september i Noreg

Rom for kreativitet i dyrkinga

Produsentar som leverer til dei store butikkjedene må oppfylle ei rekkje krav, blant anna at dei må ha ein viss storleik på produksjonen. Dei alternative salskanalane som REKO og Bondenes Marked stillar ikkje desse krava. Dette gir moglegheit for småprodusentane til å eksperimentere og vere meir kreative med val av sortar, då dei er mindre drivne av etterspurnad og leveringskrav. Ein annan motivasjonsfaktor for dei som driv marknadshage er å kunne dyrke “reint” og meir berekraftig. Dermed kan forbrukaren la seg friste av frukt og grønt som er dyrka med kjærleik og omtanke! 

Meir om dette kan du lese i artikkelen frå NIBIO her

“Eg dyrkar så reint som mogleg. Hjå Savland Hage og Helse får du varer dyrka utan bruk av sprøytemidlar og kunstgjødsel.”

Torill Savland

Hjå Savland Hage og helse vert det dyrka utan bruk av kunstgjødsel i jorda. Og sjå som det gror!

Frå tre pallekarmar til kjempestor hage

Til tross for utfordringane Savland møtar på i kvardagen som sjølvstendig bonde, ligg det ein klar motivasjon bak det å drive Savland Hage og Helse. Savland fortel at det gir ein meistringskjensle å klare å få fram plantar med å dyrke på eigahand, og å kunne lage ein liten butikk ut av det når ho dyrkar meir enn berre til seg sjølv. Sjølv om det ikkje gir nok inntekt til å leve av det, set ho pris på det å kunne drive med noko så lærerikt og verdifullt. 

Når vi spør Savland kva ho synest er det beste med å produsere lokalt, nølar ho ikkje med å svare:

- Det er at eg er sjølvforsynt, og kan gå ut og hauste det eg treng. Det har vore ei bratt læringskurve - eg har gått frå tre pallekarmar til ein kjempestor hage. Her var det berre å hoppe i det med begge beina og jobbe det eg klarar, og er takknemleg for hjelp eg kan få! Det har gitt meg mykje energi fordi eg gjer noko eg brenn for, og gir meg glede.

Her finn du Savland Hage og Helse

Facebook: Savland Hage

Instagram: @savland_hageoghelse

Adresse: Steinsvikvegen 109, 5251 Søreidgrenda

Trykk på kartet for for å kome direkte til Google Maps!

Matprodusentane frå Vestland

Eit av måla til Stiftelsen Lystgården og Bybonden i Bergen er å fremje og opplyse om lokale bønder og produksjon i Bergen og omegn. Det er viktig for oss å auke byens matkunnskap og matengasjement, samt få fleire til å velje lokalproduserte varer av god kvalitet. Denne teksten er basert på eit intervju med ein lokal produsent.

Kunnskap og inspirasjon