Vestlandsprodusentar
Katarzyna Sikorska

Grønsaker, jordbær og blomster frå Toppe Gartneri

Eit steinkast unna Åsane, opp i høgda på Mjølkeråen held Toppe Gartneri til. Dette gartneriet har halde på sidan 1955, og mannen som no har teke over garden, Jørn Erik Toppe, er 4. generasjon Toppe. Han eig garden i lag med si kone, Marie Isaksen Toppe. 


"Det heile starta med min oldefar som leverte mjølk i Tartargaten i Sandviken. Etter kvart byrja han også å levere både blomar og grønsaker. Mine besteforeldre bygde dei første drivhusa på garden, og frå 60-70-talet har det vore kun blomsterproduksjon, heilt fram til 2020. Frå 2020 byrja vi så smått med salat, og no i 2023 har vi ei 50/50 fordeling av blomster og spiselege varer, som bær, grønsaker og salat."

Jørn Erik Toppe

Satsar på jordbær frå Bergen

Jordbærproduksjonen på Toppe Gartneri er organisert i eit eige selskap som dei har kalla for Bærgen AS. Jordbæra vert produsert i eit moderne table-top-anlegg, og målet deira er å produsere jordbær frå juni til oktober. Jørn Erik Toppe og kona hans, Mari Isaksen Toppe eig halvparten av selskapet, mens ein god venn av dei som har vore med å bygge anlegget eig den andre halvparten.

Jørn Erik Toppe er 4. generasjon-Toppe, her inne i tomat- og agurkdrivhuset

Jordbæra på Toppe er av sorten Favori, og dyrka i eit moderne table-top-anlegg. Målet er å produsere smakfulle bær frå juni til oktober

Har tru på å jobbe sesongbasert

Sjølv om det ser roleg ut på garden når vi kjem på besøk i september, er det ikkje alltid slik. Toppe fortel om det å jobbe i takt med sesongane:

- Vi jobbar basert på sesong med mykje pågang på våren og sumaren. Det vert rolegare på hausten og vinteren, og då har vi litt andre arbeidsoppgåver å drive med, som vedlikehaldsarbeid. Eg har stor tru på at det er sunt for mennesket å jobbe sesongbasert, enn å jobbe 12 eller 8 timar kvar dag heile året med dei same oppgåva. Ved å følgje sesong jobbar ein gjerne meir på våren og sumaren når det er lysare og varmare ute, for å så slappe meir av på hausten og vinteren, når det vert mørkare og kaldare - slik føl ein naturens gong. 

Klimaendringar og tilpasning 

Og med naturens gong kjem også klimaendringane som vi stadig legg merke til i dag. På Toppe er det dei aukande nedbørsmengdene som har vore utfordrande. I 2016 vart skogen som låg i ei slak skråning oppfor garden tatt av ein storm. Røtene og vegetasjonen pla å stoppe store vassmengder under uvér med styrtregn, men etter skogen forsvann, har vatnet kome ned som ein flaum på garden på dei verste uvérsdagane. På Toppe har dei opplevd to år på rad at jordet har stått under vatn. Her har dei gjort tiltak og funne ei løysing i år; 

- Det går gamle røyr gjennom dalen frå rundt 50-tallet i grøfter, der dei på den tida la bekker i røyr. Desse søkte vi om å kunne få grave opp, og skape meir plass for vatnet å renne gjennom. Dette fekk vi løyve til, og i år har det fungert mykje bedre med å drenere vatn. Dette er eit godt og konkret døme på tilpasning - no har vi mindre areal, men vatnet drenerer betre, fortel Toppe med eit smil. 

Mange diskusjonar med politikarar

Toppe Gartneri er litt for stort til å sei dei driv småskala på same nivå som dei fleste marknadshagar rundtom i Bergen, men fremdeles for små for storproduksjon for til dømes Bama. Ein slik produsent støter på hinder for å kunne utvikle sitt dyrkeareal på grunn av dei gjeldande reglane for landbrukseigedom i Bergen, som gjer det vanskeleg å utføre tiltak, som til dømes det å byggje nye drivhus.

- Eg har hatt mange diskusjonar med politikarar om dette, og vi håpar at det kjem nye reglar. I tillegg er det ingen andre som gjer det same som oss i Bergen, så vi har ingen å sjå til, fortel Toppe.

Til tross for utfordringane er motivasjonen stor for å drive småskala-produksjon. 

Mangfald i drivhusa: i år vart det dyrka 21 forskjellige sortar tomater i tomatdrivhuset på Toppe

Fortel nærbutikken din kva du vil ha!

Toppe fortel at det er kjekt at ein ikkje må vere ein stor produsent i Vestland for å produsere mat. 

- Vi prøvar å få fleire til å komme opp her i tunet. Spesielt i mai og juni er det klårt fleire besøkande, men no som vi har grønsaker så har besøksperioden vorte lengre.

- Det er veldig kjekt å få folk opp i tunet og inn i drivhusa, og spesielt då barnefamiliar. Dei diskuterer gjerne ikkje så mykje på pris, men ser på det heile som ei oppleving. Det er noko vi har lyst å formidle!, fortel Toppe med eit smil. 

Når vi spør korleis lokalbefolkninga kan støtte lokale produsentar som Toppe Gartneri, oppmodar Toppe folk til å tipse nærbutikken din om å ta inn varer frå gartneriet;

- Det er mange som seier at det er umogleg å komme inn i daglegvarebutikkane med varer, men vi har opplevd at om ein treff på ein interessert kjøpmann, eller at nokon tipsar om varer frå Toppe Gartneri i butikken, så har det vist seg å vere mogleg likevel. Vi har først og fremst kome inn i daglegvarebutikkane med jordbær, og etter kvart med litt anna som agurk og salat. 

I dag sel dei varene sine direkte på Toppe Gartneri, men jordbæra sel dei også på Meny Oasen, Lerøy Mat på Galleriet i Bergen sentrum, Meny Knarvik, Spar Hylkje og Toppe Blomster på Åsane Senter og Sletten. 

Døgnope på bua

Toppebua er eit døgnope lite hus på tunet der det vert fylt på med varer kvar dag med for eksempel salat, jordbær og grønsaker. 

- Her kan folk komme inn når dei vil. I perioden mai-juli er det folk her på jobb heile tida så då er ikkje Toppebua høgst nødvendig, men når vi har lyst å dra på ferie og det ikkje er nokon her til seint på kveld, tar vi Toppebua i bruk. Om hausten er det så og sei alltid noko i Toppebua som folk kan ta med seg, og betalingen skjer gjennom Vipps. Dette har fungert veldig greit, fortel Toppe mens han visar oss rundt i bua. 

Toppebua er portabel, og her flytta ned til Bergen Sentrum i samband med Bergen Matfestival. Til vanleg står den oppe på Toppe Gartneri

Mykje lærdom i samarbeid

Toppe Gartneri leverer også ein god del av sine varer til restauranter gjennom grossisten Spesialgrossisten Troye.

- Troye er ein liten grossist som leverer til mange restauranter og kantiner i Bergen. Vi pakkar klart, så kjem dei og hentar her to gongar i veka. Det er mange som meiner at ein ikkje skal ha grossist når ein driv småskala-produksjon, men i vårt tilfelle har det fungert veldig bra, då vi har meir enn nok å ta av i overgangen frå blomster til grønsaker. 

Toppe fortel at det er mykje lærdom i eit slikt samarbeid:

- Dei som jobbar i Troye er to kokkar som er ansvarlege innkjøparar i dag. Dei er veldig flinke på å vite kva restauranten vil ha, og hjelp restauranten med å leggje opp meny slik at vi får brukt opp varer vi har mykje av i periodar. Troye tek også restaurantane med hit til garden i blant så vi får helse på dei. Vi har hatt god dialog med restauranter dei siste tre åra, og vorte einig om kva som er mest gunstig for begge parter. Eg har veldig tru på eit samarbeid mellom dei som kan mat, og dei som kan produsere!

Mange ulike sortar salat veks i drivhusa på Toppe. Mykje av salaten går til restauranter

Kortreist smakar best

Jørn Erik Toppe seier at det å gjere vegen kortare frå produsent til forbrukar er det beste med å produsere lokalt, men også det viktigste. Han fortel om forskjell på råvarekvalitet:

- Hos oss er jordbæra allereie halvdårlege etter tre dagar, då vi haustar dei meir modne for at dei skal smake best mogleg. I butikk står jordbæra gjerne fire til fem dagar og du smakar inga forskjell. Same er det med agurk og tomat, dei må pakkast i plast for å at dei skal vare i fleire veker, mens dei vert transportert over halve verda før dei landar i butikken. Det kan umogleg vere sunt. 

På Toppe har dei i år produsert mykje agurk og levert utan plast, og ikkje motteke ein einaste klage. Jørn Erik Toppe er bestemt på at om vi rettar fokuset mot det som er lokalprodusert, vil ein verdsette at maten har ein kort og sunn reise frå produsent til forbrukar. Då vil ein foretrekke å handle hjå sin lokale produsent i staden for dei importerte varene i butikken. 


"Vi er samde om saka - kortreist smakar best!"

Jørn Erik Toppe

Her finn du Toppe Gartneri

Nettside: toppegartneri.no

Facebook: Toppe Gartneri

Instagram: toppegartneri

Adresse: Toppevegen 85, 5136 Mjølkeråen

Trykk på kartet for å kome direkte til Google Maps!

Matprodusentane frå Vestland

Eit av måla til Stiftelsen Lystgården og Bybonden i Bergen er å fremje og opplyse om lokale bønder og produksjon i Bergen og omegn. Det er viktig for oss å auke byens matkunnskap og matengasjement, samt få fleire til å velje lokalproduserte varer av god kvalitet. Denne teksten er basert på eit intervju med ein lokal produsent.

Kunnskap og inspirasjon