Vestlandsprodusentar
Katarzyna Sikorska

Økologisk grønt frå kameratane i Bergen Øko

Vi befinner oss på Grimseid, nokre få minuttar med køyring frå Lagunen Storsenter. Her ligg Bergen Øko, ein marknadshage drive av kameratane Dan Sundhordvik og Leiv Arne Risa. Det er førstnemnde vi møter på staden ein grå morgon i september. Vi spurte innleiingsvis kva som fekk dei til å byrje med marknadshageprosjektet:

"Eg bur i det kvite huset her på tomta. Dette var eit småbruk før i tida, men låg brakk då eg flytta inn. Vi såg potensialet i området, og hadde lyst å prøve oss på eit prosjekt der vi sjølv produserte noko. Vi hadde begge drive med dyrking og kjøkkenhage kvar for oss. Ein dag kom vi over ein video om konseptet “no-dig”, som vart startskotet for marknadshagen. I tillegg kom koronapandemien - og vi fekk veldig god tid til å kome i gong."

Dan Sundhordvik

Dan Sundhordvik var i gang med luking då vi møtte han til intervju

Vekk med spaden, fram med pappen

“No dig”-metoden, eller oversett til norsk “null graving”-metoden, er basert på idéen at jorda skal få ligge mest mogleg i fred. Ein lar organismene i jorda leve, då desse bidreg til å bygge opp ein struktur i jorda med porer og passasjer som kan halde på næringsstoffar, vatn og oksygen.

Charles Dowding, som har vore den store inspirasjonen til å starte marknadshage for kompanjongene i Bergen Øko, er ein pionér i dette feltet. Etter Dowding si oppskrift startar ein med å dekke bakken med tjukk papp slik at rotugraset vert kvelt, og heller deretter på eit tjukt lag med nedbroten kompost og litt gjødsel. Så gjenstår det berre å plante, og fylle på med eit nytt lag kompost ein gong i året. Med no dig er det også mogleg å dyrke tettare - og dermed få større resultat. Dette er grunna det høge næringsinnhaldet i jorda. 

Og slik starta prosjektet Bergen Øko i 2020. Tre år seinare gror det eit stort mangfold av ulike spiselege vekster på tomta, som salater, rotgrønsaker og belgfrukter. Men ikkje ein gong hos Bergen Øko veks pengane på tre.

Mange kålsortar er klare for hausting i september

Ein gamaldags tankegong 

- Vi har det travelt i og med at vi begge har fulltidsjobbar ved sida av dette. Difor er vi nøydd å planlegge godt kva og kor mykje vi skal dyrke, slik at vi rekk å få det ut på marknaden og få solgt før det vert dårleg, fortel Sundhordvik. 

Han fortel også om dei økonomiske og politiske utfordringane med å drive med småskala produksjon, og mangelen på tilskot frå staten. 

- Vi kunne gjerne fått noko tilskot frå staten. Vi får litt av Bergen Kommune, men fekk ikkje tilskot av Innovasjon Norge, då dei synest prosjektet var for lite. Her henger det igjen ein gamaldags tankegong om at ein skal dyrke på store arealer for å vere effektiv, mens vi får plass til store mengder kaloriar på eit lite areal. Derfor synest eg det burde verte oppretta eit slags produksjonstilskot. 

Når det gjeld landbrukspolitikk, fortel Sundhordvik at det verkar som fokuset er fastslått på dei som dyrkar på store areal og gjerne éin kultur. Marknadshagar derimot er gjerne mindre, men med stor diversitet.

- Her har vi ein jobb å gjere, og meiner vi som i oss som dyrkar. Vi må fremje det for politikarar og lære dei opp, vi kan ikkje forvente at dei skal kunne det. 

Hjå Bergen Øko vert dyrka eit mangfald av artar og sortar. Her veks Hokkaido Red Curi, ein smakfull gresskarsort

Eit hint av optimisme 

Med klimaendringane kjem det mange utfordringar, og då er det viktig å omfavne moglegheitene når dei dukkar opp. Når vi spør om dei har merka noko til klimaendringane som kan ha påverka drifta for Bergen Øko, vert vi samde at dei har ikkje halde på lenge nok til å merke ei betydeleg endring. Ein ting som likevel har hatt ei positiv innverknad hjå Bergen Øko, er at temperaturane er mildare ut på hausten no enn før:

- Første og siste frostnatt har forflytta seg litt. Det har vore positivt for vår del, seier Sundhordvik med eit smil.

Dan Sundhordvik har alltid kjend på ei tiltrekking til fine kjøkenhagar. No eig han ei stor tomt dyrka med mange smakfulle grønsaker han kan plukke rett frå jord til bord.

Ein må ha mat

Når vi spør om kva som motiverer Sundhordvik til å drive ein marknadshage, er han rask med å svare:

"Eg har alltid vore fascinert av fine kjøkenhagar på TV, eller gått forbi ein kjøkenhage og kjend det djupt inni meg at eg er tiltrukke av det. Ein må ha mat. Det er noko ein må ha, og det er viktig. Det motiverer meg. Og så er det veldig fint at ein kan få det ordentleg og ryddig til."

Dan Sundhordvik

Og vi kan bekrefte at ordentleg og ryddig er det hjå Bergen Øko!

Hjå Bergen Øko vert det dyrka i eit system etter Charles Dowding´s no-dig-metode

Økologisk produksjon og rettferdig konsum

Marknadshagar driv med småskala grønsaksdyrking for sal direkte til forbrukar, og er dermed avhengig av å få reklamert for varene sine for å nå ut til folk. 

- Vi sel varene våre på REKO-ringen, og REKO forblir den beste salsarenaen, fordi du veit akkurat kor mykje skal hauste, og det vert ingen svinn. Når vi haustar inn til til dømes Bergen Matfestival, risikerer vi å stå igjen med mykje som ikkje vert seld, fortel Sundhordvik.

REKO-ringen (Rettferdig Konsum) er ein omsetjingskanal for lokalmat der kjøp og sal føregår direkte mellom kunde og produsent. Kundar tingar varer på førehand via Facebook, og varene vert levert ut av produsenten på ringens annonserte utleveringsstad, dato og klokkeslett. REKO er mellomleddet mellom produksjon og sal, og produsenten får 100% av salssum. Den første REKO-ringen i Noreg vart etablert i 2017, med Norsk Bonde- og Småbrukarlag som pådrivar. Per 2020 var det omlag 500 produsentar og 500 000 kundar tilknytta REKO-ringane. Meir om REKO kan du lese her.

- Vi planleggjer også å bygge ein sjølvbetjent bod her på Grimseid, men enn så lenge set vi litt på bord langs vegen slik at forbipasserande kan kjøpe og betale via Vipps. Det beste folk kan gjere er å kjøpe grønnsakene våre når dei vert tilgjengelege for salg, og vi reklamerer for grønsakene våre på Instagram og Facebook. 

Bergen Øko sin produksjon har Debio-sertifisering, som vil sei produksjonen er sertifisert som økologisk. Dei produserer også eigen kompost. Jorda dei dyrkar i er for det meste mineraljord, og noko myrjord. 

Hjå Bergen Øko produserer dei eigen kompost i kompostbinger. Alt biologisk restemateriale plukka ved luking og hausting blir kasta i bingene for kompostering

Rett frå hage til kjøkken

Når vi spør Dan Sundhordvik om kva han synest er det beste med å drive marknadshage, fortel han at det er tilgangen på ferske grønsaker rett utanfor døra:

"Det beste er at når eg kjem heim, så kan eg gå ein liten runde i hagen, og ha masse mat som eg kan ta rett inn på kjøkkenet og ete. Det er det aller beste. Ein får også eit betydeleg større næringsutbyte når det går så kort tid frå plukk til konsum."

Dan Sundhordvik

Nokre vekstar, som til dømes bønner, mistar mykje av si næring etter dei har vorte plukka. Difor er det godt å kunne plukke bønner frå hagen og dermed få eit betre næringsutbyte, enn å ete dei som har reist heile vegen frå til dømes Kenya, fortel Sundhordvik. 

Svarte bønner er svært næringsrike og kan brukast i mange forskjellige rettar

Stor nytte i å drive marknadshage

Det å vere sjølvforsynt er eit av motivasjonsfaktorane med å drive marknadshage, i tillegg til miljø, helse og nærleik til forbrukar. Dette beskriver NIBIO (Norsk Institutt for Bioøkonomi) i ein artikkel frå 2021 om den aukande trenden av marknadshagar også omtalt korleis nærleik til råvarene gir auka forbruk, har stort vekstpotensiale og ei viktig biinntekt for dei som driv marknadshagar. Marknadshagar bidreg også til biologisk mangfald, særlig med tanke på insekter og andre nyttedyr som pollinerer plantar. 

“Talet marknadshagar har auka i Norge, som elles i verda, særlig mellom 2019 og 2020” står det i artikkelen frå NIBIO. Dette kan vi tenke oss er av same grunn som Dan Sundhordvik fortalde var tilfellet for Bergen Øko - lysten til å produsere noko, kombinert med mykje tid til overs når koronapandemien inntraff for fullt i 2020. Vi på Lystgården har eit håp om at fleire som sitt inne med idéen om å byrje å dyrke set i gang med det!

Du kan lese heile artikkelen frå NIBIO her.

Her finn du Bergen Øko

Facebook: Bergen Øko

Instagram: bergenoko

Adresse: Grimseidvegen 206, 5239 Rådal

Trykk på kartet for å kome direkte til Google Maps!

Matprodusentane frå Vestland

Eit av måla til Stiftelsen Lystgården og Bybonden i Bergen er å fremje og opplyse om lokale bønder og produksjon i Bergen og omegn. Det er viktig for oss å auke byens matkunnskap og matengasjement, samt få fleire til å velje lokalproduserte varer av god kvalitet. Denne teksten er basert på eit intervju med ein lokal produsent.

Kunnskap og inspirasjon